Eg utfører for det meste oppdrag innan industri- og reklamefoto, men tek også bilete for redaksjonell bruk. Dei fleste bileta tek eg hjå kundane, men gjer også opptak i studio. Av kundar kan nemnast Sydvest, Steinsvik, Wärtsilä, Aker Solutions, Bremnes Seashore, Eidesvik Offshore og Eidesvik Havfiske.

På heimekontoret disponerer eg eige fotostudio.

Når eg har lyst og tid jobbar eg også med kunstfotografi, og har vist fotografi på fleire utstillingar. Eg har levert mange bilete til utsmykking av bedrifter og til offentlege institusjonar.

Eg har også produsert fleire bøker. Den siste boka ser du her. Boka kostar kr. 395 og kan kjøpast direkte frå meg utan fraktkostnad.