«Spor etter arbeid»
Arbeid gir mat på bordet. Arbeid betyr utvikling, men også utnytting. Arbeid set spor. Spor i form av produkt, verktøy og utstyr – og spor i naturen. Eg har vore på jakt etter desse spora. Etter at eg i mange har fotografert for ulike industribedrifter i Sunnhordland har eg lagt merke til at om ein isolerer små element frå totalen oppstår det interessante ting. Som sjølve den grafiske forma på eit verktøy. Dette har ført meg ut på ein søken etter estetikken i dei små detaljane.
(Utstilling på Print & Ramme, Stord 2024)